Sander Sagosen fekk inn fire mål, då Paris Saint-Germain for andre gong denne veka slo rivalen Nantes i fransk handball. Gjestane vann 30–29 i det nervepirrande oppgjeret. Den norske landslagsprofilen, som tysdag toppa kåringa av årets spelar, scora på fire av fem skot.