Suveren seier til Ruud mot frustrert franskmann
Casper Ruud var overlegen mot franske Corentin Moutet i 16.-delsfinalen i Master 1000-turneringa i Monte Carlo i ettermiddag.
Nordmannen vann første sett 7–5. Han starta også det andre settet godt. Men franskmannen beit seg fast, sjølv om han til tider var svært frustrert på grusen.
Snarøya-mannen vann det andre settet 6–3.
– Det var ein fin siger og han heldt meg på tå. Det var vanskeleg å vite kva som kom, og eg kjente meg som Bambi på isen. Han er vanskeleg å tolke, seier Ruud til arrangøren etter sigeren.
Felix Auger-Aliassime eller Marin Cilic venter i neste runde
Ruud nådde finalen i turneringa i 2024, då han slo verdseinaren Novak Djokovic i semifinalen.
Franskmannen er ranger som nummer 31 i verda, medan Ruud er nummer 12.