Mellomdistanseløparen Mohamed Katir er utestengt i fire år.
Grunnen er brot på antidoping-reglementet.
Spanjolen, som tok VM-sølv på 5000 meter bak Jakob Ingebrigtsen i fjor, har brote meldeplikta og i tillegg forfalska dokument, melder Friidrettens integritetseining (AIU) i ei fersk pressemelding.
AUI meiner at Katir har forfalska dokument som boardingkort og bestillingsbekrefting i forsøk på å villeie etterforskarane som prøvde å finne ut kvar han heldt seg på eit gitt tidspunkt.
AIU ønskte å fjerne Kadir frå resultatlistene helt frå mars 2023, noko som ville ført til at spanjolen mista VM-sølvet, men det fekk dei ikkje medhald i.