Kampen mellom Arsenal og Southampton enda 1–1. Mikel Arteta sitt lag har dermed ikkje vunne ein kamp i Premier League sidan dei slo Manchester United i starten av november. Tidlegare Arsenal-spelar Theo Walcott sende bortelaget opp i leiinga, men Pierre-Emerick Aubameyang utlikna i andre omgang. Ti minuttar seinare fekk Gabriel Magalhaes sitt andre gule, og Arsenal fekk dermed raudt kort i andre kamp på rad. Det er det sjuande raude kortet under Mikel Arteta si leiing.