Midtbanespelar Rikke Nygard melder overgang frå Arna-Bjørnar til Vålerenga Fotball.
– Eg gler meg, og er veldig takknemleg for det eg har opplevd med gode vener i Arna-Bjørnar. Det var ingen tvil om at eg ønska meg til Vålerenga, seier 20-åringen i ei pressemelding.
Nygard har til saman 53 landskampar på alle nivå, og debuterte på A-landslaget mot Nord-Irland i november i fjor.