Nathan Aké blir Bournemouths dyraste sal nokosinne, etter at Manchester City skal ha bladd opp med rundt 475 millionar kroner for den tidlegare Chelsea-spelaren. – City har vore det beste laget i England det siste tiåret, og det er ein draum å kome hit. Det er eit topplag fullt av spelarar i verdsklasse, seier Aké. Nederlendaren var ein del av Bournemouth-laget som rykka ned frå Premier League førre sesong, men blir ikkje med ned til meisterskapsserien.