Over 1300 var utan straum i Ålesund
Politiet har no undersøkt meldinga om smell og flammar frå ein transformator i Sjømannsvegen i Ålesund. Dei melder at det har vore ein spenningsfeil i ein kabel.
Dette fører til straumstans og ifølge straumselskapet Linja var i overkant av 1300 utan straum. Dei jobbar med feilretting for å få straumen tilbake.
Rundt 08.19 viser nettsidene til Linja at ein del har fått straumen tilbake. På dette tidspunktet er det 443 som har mista straumen.
Klokka 08.30 har alle fått straumen tilbake.
Politi og brannvesenet har avslutta på staden.