Har funne utryddingstrua flaggermus i Retiroskogen i Molde
Dei raudlista artane nordflaggermus og trollflaggermus er registrert i Retiroskogen i Molde, for alle første gong.
– Registreringa føyer seg inn i rekka av funn som viser at Retiro-området har verdifulle nasjonale verdiar knytt til naturmangfald og kulturminne, seier Kjell Lyse i Naturvernforbundet i Molde.
Tidlegare i haust plasserte Naturvernforbundet i Molde ut to lytteboksar for å kartlegge det biologiske mangfaldet i skogen.
Dei hang ute i ein månad, og ein gjennomgang av lydloggane bekreftar funn av minst fire flaggermusartar, mellom anna dei to raudlista artane, som er i ferd med å døy ut.
Det er tidlegare registrert fleire andre raudlista artar i Retiroskogen, blant anna fuglar og treartar som alm og ask. Molde Fotballklubb ønsker å bygge nye fotballbaner i skogen, noko som har vekt sterke reaksjonar i byen.
Flaggermus tilhøyrer jordas eldste dyregrupper, og det finst meir enn 1450 artar på verdsbasis, ifølgje Naturvernforbundet.
I Noreg er det ellever flaggermusartar, og fire at dei er vurdert som trua.