I 2024 fekk 5.838 bilistar bot for mobilbruk. Likevel er det rundt 700 færre enn året før, melder P4-nyheitene.
I 2021 kosta det 1.700 kroner dersom du fekk bot for å bruke mobil under bilkøyring. I år må ein ut med over 10.000 kroner dersom ein får mobilbot.
– Vi er veldig fornøgde med utviklinga, og ser ei betydeleg forbetring på dette området. Det seier sjef for utrykkingspolitiet Knut Smedsrud til P4.