Arbeidsminister Tonje Brenna (Ap) inviterer partane til nye samtalar om IA-avtalen.
Både LO og NHO har sagt at dei er opne for nye samtalar no, etter dei braut forhandlingane 9. desember.
– Eg kjem til å kalle inn partane til samtalar i siste veka av januar, sa Brenna til NRK.
LO-leiar Peggy Hessen Følsvik står fast på at sjukelønna må fredast. NHO avviser at dei vil kutte i ordninga, men at ein må vurdere endringar for å få ned sjukefråveret.