Fredag morgon er over 3500 kundar i Trøndelag utan straum, viser straumkartet til Tensio.
Dei fleste av desse kundane bur i Malvik.
Også på Nordmøre har straumen gått fleire stader, ifølge nettselskapet Mellom.
Det er særleg Smøla og Tustna som er ramma, men også i Kristiansund, på Averøy, Aure og Tingvoll er det fleire feilmeldingar, skriv Tidens Krav.