Politiet rykka fredag kveld ut til eit hotell i Bergen, etter melding om ein mogleg trusselaksjon med kniv.
Ingen personar er skadde og det skal ikkje vere noko vidare fare, melder politiet.
Politiet bar våpen då dei kom til staden og melder no at dei har kontroll på alle involverte.
– Vi snakkar no med dei involverte for å undersøke om det har skjedd noko straffbart, som eventuelt skal følgast vidare opp av politiet, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt.