Det israelske forsvaret har angripe flyplassen i Jemens hovudstad Sana, i tillegg til kystbyen Hodeidah.
Det melder fleire nyheitskjelder.
Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu seier angrepa vil halde fram til «jobben er gjort».
Israels forsvarsminister Israel Katz sa tysdag denne veka at Israel kjem til å trappe opp angrepa mot Houthi-militsen i Jemen.
Houthiane, som er allierte med Hamas, har angripe skip på veg mot Israel etter at krigen starta 7. oktober i fjor.
Førre veke sende Houthi-militsen missil frå Jemen mot Israel. Ein talsperson for houthiane sa at angrepet var retta mot eit militært mål.
Då Israel skaut ned raketten, landa han i ein offentleg park i Tel Aviv, som førte til at 16 personar blei skadde.