Tidleg 2. juledag begynte det å brenne i ein kårbustad på ein gard i Levanger.
– Det er krevjande for det brenner både i kjellar og andre etasjar.
Det sa operasjonsleiar i Trøndelag politidistrikt, Øystein Volden.
– Brannen er isolert til ein bygning, og brannvesenet er i gang med sløkkingsarbeid for full styrke, la Volden til.
Etter kvart blei det klart at brannen ikkje kom til å spreie seg til andre bygningar, men kårbustaden blei totalskadd av brannen.
Bebuarane i huset hadde evakuert seg sjølv før naudetatane var på staden. Ingen blei skadd.