Kontora til Netflix i Nederland og Frankrike har blitt ransaka. Årsaka er at selskapet er mistenkt for å driva med skattesvindel.
Fransk og nederlandsk politi har samarbeidd om etterforskinga, melder Reuters. Tysdag tok dei seg inn på Netflix sitt europeiske hovudkvarter i Amsterdam og på kontoret deira i Paris.
Netflix har ikkje kommentert hendinga.