Statsminister i Spania Pedro Sanchez annonserer ei hjelpepakke til ein verdi av 10,6 milliardar euro for å hjelpa dei flaumråka regionane. Det melder AFP.
Ifølge Sanchez er hjelpepakka ein del av ein umiddelbar gjenoppbyggingsplan for regionen Valencia i aust, som var hardast råka av flaumen.
Landet har også dobla politistyrkane og sivilforsvaret i dei utsette områda, der meir enn 200 menneske har mista livet som følge av ekstremvêret. No er det kring 15.000 soldatar, politibetjentar og sikkerheitspersonell i området.