Den sju veker lange streiken hos flyprodusenten Boeing er over. Dei tilsette ved Boeing sin fabrikk i Seattle har no godkjent det nyaste lønnstilbodet frå leiinga.
Fagforeininga Association of Machinists and Aerospace Workers (IAM) ville eigentleg ha ein lønnsauke på 40 prosent over tre år.
No har dei godkjent tilbodet frå Boeing om ein lønnsauke på 38 prosent, fordelt over dei neste fire åra.
Det blei gjennomført ei uravstemming blant 33.000 fagorganiserte tilsette, og tilbodet vart godkjent med 59 prosent av stemmene.