Det blir ein våt laurdag på Austlandet og Vestlandet. Våtast blir det på Vestlandet, der det kan kome opp mot 40 millimeter nedbør. Det er det dobbelte av mengda som kan kome på Austlandet. Første del av dagen vil snøgrensa ligge på 200-500 meter over havet. Denne vil utover dagen stige til 800-1200 meter.