Sissel Knutsen Hegdal kjem ikkje til å levera inn ein ny fritakssøknad, det stadfestar hennar talsperson, Trond Birkedal til NRK.
I søknaden har Stavanger-ordføraren skrive at det ikkje er ein vesentleg ulempe for henne å halde fram som ordførar.
Det er ein av grunnane til at kommunedirektøren i si innstilling har gått inn for å ikkje godkjenna hennar søknad om å få trekka seg frå vervet.
Birkedal seier til NRK at Knutsen Hegdal framleis står for denne formuleringa, og dermed vil den ikkje bli endra.
I dag skal fleire av partia i Stavanger bystyre ha gruppemøte. Der skal dei bestemma seg for om dei skal godkjenna søknaden eller ikkje, når saka skal opp i bystyret måndag 14. oktober.
Både Raudt og MDG har allereie sagt at dei vil stemma nei.