Ved utgangen av 3023 var det 148.000 personar som fekk arbeidsavklaringspengar (AAP), skriv Statistisk sentralbyrå (SSB).
Talet på mottakarar har stige kvart år sidan 2019, viser tala.
I denne perioden har talet på mottakarar i aldersgruppa 18 til 24 år stige med 14 prosent.
Mange av dei som får AAP i alderen 18 til 20 år har ikkje fullført vidaregåande skule og kjem oftare frå hushaldningar med låg inntekt, skriv SSB.