Georgias regjerande prorussiske parti, Georgisk draum, vil stille den provestlege presidenten Salomé Zourabichvili for riksrett før valet 26. oktober.
Førre veke møtte ho presidentane i Frankrike, Tyskland og Polen samt høgtståande EU-tenesmenn. No er ho skulda for utanlandsbesøk som ikkje var godkjent av regjeringa, det er same skuldingar som i førre riksrettsrunde i fjor.
Sjølv om Georgia har vore provestleg sidan lausrivinga frå Moskva i 1991, vert Georgisk draum skulda for å sabotere målet om EU- og NATO-medlemskap og snu landet mot Russland. Partiet seier dei støttar EU og NATO, men vil unngå konflikt med Russland.