Regjeringa føreslår 15,5 millionar kroner i apanasje til kongen og dronninga i statsbudsjettet. Apanasje er pengane dei kongelege får til privat bruk.
Kronprinsparet er føreslått å få 12,9 millionar.
Regjeringa vil òg gje 20 millionar kroner til sarkofag for kongeparet.
– På same måte som for kong Haakon VII og dronning Maud, og kong Olav V og kronprinsesse Märtha, skal sarkofagen nyttast som siste kvilestad for Hans Majestet Kongen og Hennar Majestet Dronninga i det kongelege gravkapellet på Akershus festning, skriv Kongehuset i ei pressemelding.
Sarkofag er likkiste for menneske med høg rang i samfunnet, og er ofte plassert i eit spesielt bygg, til dømes mausoleum, kyrkje eller slott.