Regjeringa foreslår å støtte 16 nye kulturbyggprosjekt over heile landet.
Med tilsegna i komande år får dei nye prosjekta ei samla statleg løyving på drøye 621 millionar kroner. Dette er det høgste talet nye prosjekt på fleire år, og ei dobbelt så stor tilsegn som i 2024.
Det vil mellom anna gi Kristiansand eit nytt bymuseum, Urnes stavkyrkje får publikumsmottak, Lofoten får ferdigstilt Skrei, og Ole Bulls villa Lysøen vil bli sett i stand.