Siktinga av Marius Borg Høiby er utvida, skriv politiet i ei pressemelding. Per no er det fire fornærma i saka.
Høiby blei pågripen seint fredag kveld.
Politiet opplyser om at Høiby har tatt kontakt med kvinna som er fornærma i hendinga på Frogner 4. august. Siktinga er no utvida til å omfatta omsynslaus åtferd og brot på besøksforbod, og eit tilfelle til av kroppskrenking.
For dei to andre fornærma omfattar siktinga kvart sitt tilfelle av mishandling i nære relasjonar, skriv politiet i pressemeldinga.
Høiby er også sikta for truslar mot ein fjerde person.