Det skal ha vore fire personar om bord i båten som kantra ved Gjæsinga i Åfjord kommune.
– Dei fire er på veg til land. Våt og kald, men elles uskadde, melder operasjonsleiar Ole Petter Holling i Trøndelag politidistrikt.
Personane blir tatt hand om av helse når dei kjem til land.
Både sivile båtar, redningshelikopter og luftambulanse rykka ut til båthavariet.