Energiminister Terje Aasland (Ap) fekk måndag ettermiddag orientering frå NVE om flaumfaren i Innlandet og sørlege delar av Trøndelag.
NVE har sendt ut eit oransje farevarsel for flaum og jordskred i desse områda.
Aasland seier det er viktig at kommunane i dei utsette områda no set beredskapen i høgsetet for å hindre større skadar.
– Dette viser også at det er viktig når vi planlegg samfunnet framover tek høgde for slike hendingar, slik at vi unngår skadar på infrastruktur og bustadareal, slik at vi kan vere best mogeleg forberedt på at vi kjem til å oppleve meir ekstremvêr framover, seier Aasland til NRK.