Statens naturoppsyn og Reinpolitiet har minst ni tjuvslakta reinsdyr i Kautokeino, skriv dei i ei melding.
– Det blei gjort funn av restane av ni dyr. Vi kan ikkje sjå bort frå at det er snakk om fleire dyr, seier leiar for Reinpolitiet Inger Anita Øvregård.
Slakteavfallet blei funne under ei synfaring fredag, og har truleg ligge i rundt 14 dagar. Dei ber om tips frå publikum.