Kraftige regnbyer over Nord-Italia har ført til flaum i Milano.
Ein mann er sakna etter at han blei skylt av garde i ein traktor i Piemonte-regionen vest for byen.
Også regionane Lombardia og Veneto er ramma av flaum.
Forskarar har åtvara om at klimakrisa kan føre til at ekstremvêr som hetebølger, tørke, styrtregn og flaum kan kome oftare.