Aktoratet seier dei ikkje vil godta tilbodet frå presidentsonen Hunter Biden om å vedgå skuld, men ikkje innrømme å ha gjort noko gale, i ei skatterettssak, skriv Reuters.
Biden har tidlegare nekta straffskuld i saka, men torsdag sa advokaten hans at han ville vedgå straffskuld i saka, men ikkje innrømme at han har gjort noko gale.
Påtalemakta meiner Biden ikkje betalte 1,4 millionar kroner i skatt, på same tid som han brukte store summar på narkotika, prostituerte og luksus.