Ein motorsyklist er frakta til Haukeland sjukehus etter ei trafikkulukke på Bømlo.
Skadeomfanget på føraren er ukjend, melder politiet, men føraren var medviten.
Motorsykkelen skal ha vore borti ein bubil før føraren av motorsykkelen hamna utav av vegbana. Luftambulanse vart tilkalla.
Vegen vart mellombels stengd som følge av ulukka, men er no open igjen.
Politiet melde først at ulukka var på Stord, men melder no at ulukka fann stad i Bømlo kommune.