Sørkoreansk politi har starta ei gransking av meldingstenesta Telegram, som dei meiner har bidrege til spreiing av deepfake porno, melder AFP.
Deepfake er falske bilete eller videoar der ansiktet til enkeltpersonar er redigert inn digitalt ved hjelp av kunstig intelligens.
I førre veke fekk sørkoreansk politi 88 varsel om deepfake-porno, der 24 mistenkte er identifisert.
Granskinga kjem etter at Telegram-grunnleggaren Pavel Durov blei gripen i Frankrike i august.
Franske styresmakter meiner Telegram har gjort seg skuldig i narkotikahandel, overgrep og svindel på grunn av manglande moderering og samarbeid med styresmaktene.
Sør-Korea ønsker å samarbeide med Frankrike om etterforskinga. Telegram har ikkje kommentert saka til no.