Politiet i Tunisia skal ha gripe presidentkandidaten Ayachi Zammel, opplyser valkampteamet hans til Reuters.
Pågripinga skjer på same tid som valkommisjonen gjer seg klare til å legge fram den endelege lista over kandidatar før valet i oktober.
Sittande president Kais Saied stiller til attval.
Valkommisjonen har så langt ikkje kommentert påstandane.