Snittemperaturen mellom juni og august i Japan var 1,76 grader over normalt nivå, og tangerer med det varmerekorden frå i fjor, melder AFP.
Det er det varmaste sidan målingane starta i 1898, viser tal frå Japans vêrteneste måndag.
Fleire menneske døydde i hetebølger i løpet av sommaren i Japan. Hetebølgene har blitt eit problem for landet som har eitt av verdas eldste folk.