Arbeidsgivarar må gjera strengare vurderingar av behovet for nattarbeid i varehandelen, meiner eit utval som torsdag overleverte sin rapport til arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).
Det skriv departementet i ei pressemelding.
Utvalet tilrår mellom anna at arbeidsgivarar må gjera konkrete vurderingar om nattarbeid er naudsynt.
No vert rapporten send ut på høyring.