Norgesgruppa som eig kjedene Meny, Spar, Kiwi og Joker, tente 2,1 milliardar kroner i fyrste halvår i år.
Det er ein solid auke frå fyrste halvår året før, då resultatet enda på 1,6 milliardar kroner, skriv Dagens Næringsliv.
Norgesgruppa hadde 43,6 prosent av daglegvaremarknaden i fjor, ein liten oppgang frå året før.
(NTB)