Onsdag ettermiddag opplyser vakthavande politijurist Arne Fjeldstad til NRK at politiet har oppretta undersøkingssak etter at ein færøysk båt kantra i Stadhavet.
– Skipperen er enno ikkje avhøyrt. Per no er ingen sikta i saka, men det kan endre seg, seier Fjeldstad.
Til no er det gjort to vitneavhøyr i saka, men Fjeldstad kan ikkje seie noko meir om det.
Seks var ombord og éi kvinne i 20-åra omkom.