Onsdag utvidar USA sanksjonane mot israelske busetjarar på Vestbreidda på grunn av vald mot palestinarar, melder nyheitsbyrået AFP.
– Ekstremistisk busetjarvald på Vestbreidda fører til intens menneskeleg liding, skadar Israels tryggleik, og undergrev utsiktene for fred og stabilitet i regionen, seier ein talsperson for amerikansk UD.
Talspersonen la til at det er kritisk for Israel å hade busetjarane ansvarleg.
Busetninga på Vestbreidda er ulovleg ifølgje FN.