Eit helikopter har no henta ut dei to franske turistane som seint måndag kveld hadde gått seg ville ved Rembedalsvatnet i Eidfjord. Dei to er noko medtekne, kalde og våte, men elles i god form, opplyser politiet. Folk på ambulansen har sjekka dei, og konkluderer med at dei er uskadde og ikkje treng helsehjelp.