Kvinna som skal ha svindla medrussen sin for over 700.000 kroner, nekta straffskuld då saka mot henne startar i Hordaland tingrett i dag. Det melder BA. Kvinna er tiltalt for grovt underslag i perioden 2020- 2022 då ho var russebuss-sjef i ein av nabokommunane til Bergen. Men pengane som blei samla inn av henne og 21 andre medruss, gjekk ikkje til fellesskapet, men skal ha hamna i tiltalte si eiga lomme.