I dag startar ankesaka mot ein tidlegare lege, som er skulda for å ha massert brystvortene til ein pasient.
I forfjor miste han autorisasjonen som følgje av saka, men då tingretten behandla straffesaka mot han i vår, blei han frifunnen.
Påtalemakta meiner framleis at han er skuldig, og har anka saka til lagmannsretten.
Det er sett av tre dagar til saka.