Innsette i eit fengsel i byen Volgograd i Russland har gjort opprør og tekne fleire tilsette som gissel, skriv det russiske statlege nyheitsbyrået Tass.
Ifølge Tass skal ein av dei tilsette i fengselet vera drepen og fleire såra.
– Dei innsette tok tilsette ved fengselsinstitusjon (IK-19) som gissel. Det blir no arbeidd med å frigjera gislane. Det er skadde, står det i ei utsegn frå Russlands føderale fengselsvesen. Det melder AFP.