Verdas helseorganisasjon (WHO) opnar opp for at partnarane deira, som Gavi og Unicef, kan kjøpa vaksine mot m-koppar før vaksinane er offisielt godkjende. Det melder Reuters.
Årsaka er at dei vil forsøka å få vaksinane til Afrika raskare. Utbrotet er størst i Den demokratiske republikken Kongo, men har spreidd seg til fleire naboland.
Tidlegare måtte vaksinene godkjennast først. No lettar WHO på reglane, ettersom dei skal godkjenna vaksinane om berre nokre veker.
To m-kopp-vaksinar har allereie vore i bruk sidan 2022.