– Ei våpenkvile må kome på plass innan få dagar. Det sa USA sin utanriksminister Antony Blinken då han møtte pressa tysdag kveld. Han framheva samarbeidet med Egypt og Quatar for å få den såkalla «bru-planen» gjennomført. – Gaza er nøkkelen til å få alle inn på ein breiare veg til fred og sikkerheit, sa Blinken.