Presidenten i Egypt, Abdel Fatah Al-Sisi åtvarar tysdag om at konflikten mellom Israel og Hamas, kan utvide seg regionalt på ein måte som er «vanskeleg å førestille seg» under eit møte med utanriksministeren til USA.
Det melder Reuters.
Antony Blinken er på reise i Midtausten denne veka for å vere med på samtalar om våpenkvile mellom Israel og Hamas.
Måndag omtala Blinken samtalane som eit avgjerande augeblikk.
Krigen på Gaza har føregått i over ti månadar, og over 40.000 palestinarar er drepne.
Tysdag meldte fleire israelske medium at seks gislar er stadfesta daude og leivningane deira ut frå Gaza.