Ein kenyansk mann som politiet hevdar har tilstått å ha myrda og partert 42 kvinner, har rømt frå varetekt, opplyste politiet på tysdag. Det melder nyheitsbyrået AFP.
33 år gamle Collins Jumaisi, 33 vart omtala av politiet som «ein vampyr og psykopat».
Han vart arrestert førre månad etter at dei fann lemlesta kroppar på ei søppelfylling i eit slumområde i den kenyanske hovudstaden, Nairobi.