Helsedepartementet i Gaza opplyser at journalisten Ibrahim Muharam vart drepen på Gazastripa sundag. Dei seier at Israel står bak.
Muharab jobba for nettstaden Palestinian Daily News, som måndag melde at han døydde i eit israelsk åtak retta mot han og ei gruppe journalistar.
To andre journalistar som var saman med Muharab vart såra, ifølgje ein AFP-journalist på staden.
– Den israelske hæren har aldri, og vil aldri, med vilje gå etter journalistar, seier ein talsperson for hæren til nyheitsbyrået AFP.
(NTB)