Det amerikanske oljeselskapet SLB, der Oljefondet har investeringar, utvidar verksemda si i Russland. Det skriv E24.
SLB har lyst ut 1000 stillingar i Russland sidan desember i fjor.
– Vi kommenterer diverre ikkje enkeltselskapa, svarer kommunikasjonssjef i Oljefondet, Line Aaltvedt.
Oljefondet eig 1,42 prosent, noko som utgjorde 10,2 milliardar kroner per juni 2024.