– Det er litt vanskeleg å seie kor alvorleg akkurat denne hendinga her er, seier Øyvind Midttun som er kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt i Havtil.
Havindustritilsynet fekk informasjon om ei «brønnkontrollhending» på Gullfaks C i går. Havtil har følgt opp Equinor for å få meir informasjon om det som har hendt, og om selskapet si handtering av dette.
Equinor skal ha flytta ikkje-essensielt personale frå plattforma, medan fleire blei attende. Det skal ikkje ha vore ein kritisk situasjon, men produksjonen er førebels stoppa.
Midttun seier det er for tidleg å seie om det blir gransking av hendinga.
– Det skal eg ikkje forskottere. No avventar me meir informasjon frå operatørselskapet, seier han.