15 personar har omkomme i drukningsulukker i Noreg i juli, viser tal frå Redningsselskapet.
Ni av desse omkom frå fritidsbåt.
– Det er dessverre det høgaste talet ulukker frå fritidsbåt sidan Redningsselskapet overtok statistikken i 2017, seier generalsekretær Grete Herlofson til NRK.
Så langt i år har 56 personar drukna i Noreg. Det er to fleire enn på same tid i fjor.