Israel hevdar i ei fråsegn at dei har drepe Hamas-toppen Mohammed Deif i eit angrep i Gaza i juni, skriv Reuters.
Deif er Hamas militære leiar, og har leia al-Qassam-brigaden i over 20 år. Han skal blant anna ha vore med å organisere fleire terrorangrep mot Israel.
Ifølge meldinga frå IDF blei Deif drepen i eit angrep mot Al-Mawasi utanfor Khan Younis 13. juli. Dagen etter angrepet hevda Hamas at Deif var i god behald.